| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 (lørdag 2. mai 2009). Les mer om roperten… Fiskekakebrev til daglegvarekjedeneNyhenda om at fiskematbutikkane Søstrene Hagelin og Madam Bergen skal leggast ned er ikkje anna enn ein tragedie for Bergen by. I snart 80 år har folk i Bergen kunne handla verdas beste fiskekaker hjå dei kvitkledde fiskebutikkdamene. Den varsla nedlegginga har naturleg nok utløyst eit vanvittig engasjement, og på Facebook har over 10.000 personar meldt seg inn i gruppa Redd Madam Bergen & Søstrene Hagelin, NÅ! Det vert sagt at situasjonen ville vore annleis dersom dei store butikkjedene var villig til å selje fiskekakene til Søstrene Hagelin/Madam Bergen i sine butikkar.. Så eg tenkte eg skulle skrive til butikkjedene og prøve å få dei i tale. Det er verdt forsøket! Har du innspel til betringar på teksten under? Vil du vere med som avsendar? Skriv i såfall ein kommentar under eller send meg e-post. Til Kan de selje fiskekakene til Søstrene Hagelin/Madam Bergen? Vi som skriv dette brevet har eitt ønske: at ein eller fleire daglegvarekjedar vil ta inn verdas beste fiskekaker i sine butikkar. 29.april i år kom beskjeden om at dei tradisjonsrike fiskematbutikkane Søstrene Hagelin og Madam Bergen må stenge drifta. Eigar av butikkane, Knut Galtung Døsvig i BaraGuppen AS, har i media gitt uttrykk for at nedlegginga kunne vore unngått dersom ein eller fleire av dei store kjedene ville vore interessert i å ta inn fiskekakene i sine butikkar. Om enn bare på vestlandet. Det syns vi som forbrukarar er ein god ide! Fiskekakene til Søstrene Hagelin/Madam Bergen er ikkje berre gode, dei er like bergensk som skillingsbollar, 7-fjellsturen og Brann. Derfor har den varsla nedlegginga skapt eit enormt engasjement i byen mellom dei sju fjell. På Facebook har godt over 10.000 personar meldt seg inn i gruppa ” Redd Madam Bergen & Søstrene Hagelin , NÅ!”. Vårt spørsmål er: Er din kjede interessert i å selje Søstrene Hagelins/Madam Bergens fiskekaker til oss forbrukarar? Vi håpar på positivt svar. Brevet og svara vil bli publisert på internett. Venleg helsing Dette innlegget er og å finne på min blogg | ||