Fiskekakebrev til daglegvarekjedene

Nyhenda om at fiskematbutikkane Søstrene Hagelin og Madam Bergen skal leggast ned er ikkje anna enn ein tragedie for Bergen by. I snart 80 år har folk i Bergen kunne handla verdas beste fiskekaker hjå dei kvitkledde fiskebutikkdamene. Den varsla nedlegginga har naturleg nok utløyst eit vanvittig engasjement, og på Facebook har over 10.000 personar meldt seg inn i gruppa Redd Madam Bergen & Søstrene Hagelin, NÅ!

Det vert sagt at situasjonen ville vore annleis dersom dei store butikkjedene var villig til å selje fiskekakene til Søstrene Hagelin/Madam Bergen i sine butikkar.. Så eg tenkte eg skulle skrive til butikkjedene og prøve å få dei i tale. Det er verdt forsøket!

Har du innspel til betringar på teksten under? Vil du vere med som avsendar? Skriv i såfall ein kommentar under eller send meg e-post.

Til
Ica Norge AS
Rema 1000 Norge AS
Coop Norge AS
Norgesgruppen ASA

Kan de selje fiskekakene til Søstrene Hagelin/Madam Bergen?

Vi som skriv dette brevet har eitt ønske: at ein eller fleire daglegvarekjedar vil ta inn verdas beste fiskekaker i sine butikkar.

29.april i år kom beskjeden om at dei tradisjonsrike fiskematbutikkane Søstrene Hagelin og Madam Bergen må stenge drifta. Eigar av butikkane, Knut Galtung Døsvig i BaraGuppen AS, har i media gitt uttrykk for at nedlegginga kunne vore unngått dersom ein eller fleire av dei store kjedene ville vore interessert i å ta inn fiskekakene i sine butikkar. Om enn bare på vestlandet. Det syns vi som forbrukarar er ein god ide!

Fiskekakene til Søstrene Hagelin/Madam Bergen er ikkje berre gode, dei er like bergensk som skillingsbollar, 7-fjellsturen og Brann. Derfor har den varsla nedlegginga skapt eit enormt engasjement i byen mellom dei sju fjell. På Facebook har godt over 10.000 personar meldt seg inn i gruppa ” Redd Madam Bergen & Søstrene Hagelin , NÅ!”.

Vårt spørsmål er: Er din kjede interessert i å selje Søstrene Hagelins/Madam Bergens fiskekaker til oss forbrukarar?

Vi håpar på positivt svar. Brevet og svara vil bli publisert på internett.

Venleg helsing

Dette innlegget er og å finne på min blogg
Søstrene, Hagelin, Madam, Bergen, fiskekaker

På kartet